Koste seg på leir

Andre helga i okt. var det tid for årets haustleir i Namsos. Denne gangen var det seksten jenter og gutar i 2.-4. klasse som møtte opp i tillegg til ledere og hjelpeledere.koste-seg-pa-leir

 

Det er spennende og kjekt med leir, denne gangen var det både ledere og deltakere som ikkje hadde vore på leir i Namsos før.

Misjonssenteret var gjordt om til leirstad, to sovesaler og møte/matsal. Etter at vi hadde inntatt det første måltidet kveldmat, var det tid for bli kjent samling og bibefortelling.

Etter ei god natts søvn, for dei aller fleste i allefall var vi klare for ein ny dag. Planen var at vi denne laurdagen skulle ta med matpakke og gå oppover i Namsos bymark. Matpakke vart smurt ved frokosten, og spenninga var stor om sola kom.

Etter bibelsamlinga pakka vi sekker og kledde på oss støvler og regnklede og starta marsjen til  den planlagde staden der vi skulle brenne bål og ete niste. Nokre av oss var litt tvilande til korleis dette skulle gå, himmelen opna seg og det var heller vått det som kom derifrå. Men heldigvis letta det og det vart ein flott tur.

På turen tilbake var det sporleik, barna vart delt inn i grupper og hjelpelederne hadde laga poster.  Mange spørsmål og oppgaver vart gjennomført på turen tilbake til Misjonsenteret.

I tilleg til mykje aktivitet i ”Gymsalen” på Misjonsenteret fekk dei som ville tegne på krus, som dei fekk med seg heim. Men først måtte dei prøvast, så søndag morgon vart det kakao av sjølvpynta krus.  Nokre nytta også sjangsen til å pynte sitt eget nett til å ha småting i.

I tillegg til aktiviteter ute og inne, var det samlinger der vi høyrde og lærte om Jesus, og misjon.  I gave til barnas misjonsprosjekt som går til Indonesia kom det inn kr. 850,- Hjarteleg takk!

Takk for ein fin leir til deltakere og ledere og velkommen tilbake!

Margrete Klokkehaug

2016-11-08T18:04:17+00:00