29. november var det klart for Julemesse på Misjonssenteret i Namsos.

Mange hender hadde vore i aktivitet med baking, strikking og anna handarbeid. Engler og Julekrybber frå Kenya kunne du også få kjøpt, også eindel produkt frå 150106-julemessePeru. Før dørene opna kl.10.00 var det fleire kundar som stod å venta for å få kome inn og sikre seg ein godbit.  I Namsos var det i tillegg til salg av bakervarer, bøker og kort, og andre julegaver og kaffesalg med gode kaker til også aktiviteter for barna i kjelleren. Loddsalg er alltid spanande. Så både åresalg og loddsalg på bok var det mulig å ha vinnersjangser.

Laurdagsmiddagen var det mange som inntok på Misjonssenteret, rømegraut og risengrynsgraut og pølser med brød var menyen. Namsos Unge Røster deltok med sang, Bjarne Mork hadde andakt på samlinga midt på dag. Namsos Unge Røster var med også på avslutningssamlinga i tillegg til Øyvind Rott som er misjonær i Peru. Han hadde andakt og fortalte frå arbeider i Peru.  Via skype med bilde av Øyvind på veggen var han med i Namsos, samtidig som han var i Peru. Det var fullt rundt borda i begge salane på Misjonssenteret denne laurdagen, og mange var der heile tida. Overskuddet av Julemessa dette året gjekk til Misjonsarbeidet som Øyvind og Britt Lise Rott står i, Peru. Bruttoresultatet i Namsos vart  på hele 70050 kr. De er ny rekord. Hjarteleg takk for alle som var med og gjorde Julemessa til ein flott dag.

Margrete Klokkehaug