620_namsos_misjonaerinnvielse2014_famrott_ovestbostad_full

Familien Britt Lise og Øyvind Rott vart intervjua av Kjell Jaren, regionleder for NLM sitt arbeid i Vest-Afrika og Sør-Amerika. Foto: Olav Vestbøstad

Regionårsmøtet for NLM Midt-Norge vart arrangert i Namsos 13.–15. juni. På det meste var det nær fire hundre i Namsoshallen. Høgdepunktet var misjonærinnviinga på siste samværet.

– For litt over eit år sidan hadde eg aldri tenkt at vi skulle innviast til misjonærar her i dag, sa Britt Lise Rott då hun fekk ordet mot slutten av det store møtet i Namsoshallen søndag 15. juni. Nær 400 lytta til det Britt Lise – med røter i Åfjord – hadde å fortelje.

Ektemannen Øyvind er frå Sola kommune, men familien har budd i Namsos. Dei reiser om få veker til Peru, som utsendingar for Norsk Luthersk Misjonssamband. Ikkje berre Britt Lise og Øyvind, men òg Miriam (11), Olaf (10), Rebekka (8), Daniel (6) og Andreas (4) må inn i ein heilt ny kultur.

– Vi trur dette er noko Gud har tenkt oss til. Ordet i Jesaja 6 om profeten som fyrst opplevde at det var ute med han, men som likevel fekk frimod til å seie «Her er eg, send meg!» har gjeve meg frimod. Det Jesus gjorde på Golgata, gjer meg takksam og glad. Evangeliet skaper trong til å tene Jesus, sa Britt Lise.

Vil underrette medarvingar

Då Øyvind hadde ordet understreka han at det ikkje er eventyrlyst som dreg dei.

– Eg er heller litt heimekjær, men eg har kjent kallet som ei uro i lang tid, sa han. Han fortalde at han ga Gud eit ja i 2007, etter å ha blitt stansa av eit par avsnitt i Ef 1 og 3 – om den himmelske arven, og at heidningane er medarvingar.

– Det er kanskje ikkje heilt rett å leggje inn eit «men» når du stiller deg villig. Likevel gjorde eg det. Eg sa til Gud at eg også måtte få ta vare på kallet mitt som far og som ektemann. No trur vi at det har lagt seg til rette, og vi kan reise ut for å underrette andre som har rett på den evige arven, poengterte Øyvind.

Alt anna enn småtteri

Han vedgjekk at det vi steller med i Guds rikes arbeid stundom kan sjå smått ut.

– Men så kan Den Heilage Ande gje oss opplyste auge, som Efesarbrevet seier, og då vert det klart at det er alt anna enn småtteri, sa han. Både Britt Lise og Øyvind understreka at dei er takksame til alle som tek ansvar og stiller seg bak dei i bøn og offer.

Sjølve misjonærinnviinga vart leia av hovudstyreformann Lars Gaute Jøssang. Regionleiar for Misjonssambandet sitt arbeid i Vest-Afrika og Sør-Amerika – Kjell Jahren – og Thor Fremmegård, Reidar Bøe og Svenning Bjørke frå hovudstyret tok òg del.

Store kollektar

Regionårsmøtet samla folk frå Aure og Oppdal i sør til nærare Saltfjellet i nord. 285 var påmelde, og talet på utsendingar til sjølve årsmøtet var 166. Årsmeldingar og rekneskap vart godkjende og samtalen om arbeidet var konstruktiv.

Innslaget av born og unge på regionmøtet var gledeleg, heile 50 jenter og gutar var med på bu-aktivitetane. Hovudtalarar var Else Marie Ledal, Jan-Tore Olsen og Thor Fremmegård. Sissel-Marie Bjerga, sanggruppe fra Val, Agathe Bø og Grethe Elisabeth Gjøra, Gledesbud, Namdal mannskor, Unge Røster og Arnhild Saltbones Sørdahl.

I gåver til misjonen kom det inn 138 487 kroner, nær 50 000 kroner meir enn på regionårsmøtet i 2013.

Av Per Ove Aarseth <midt-norge nlm.no>. Hentet fra http://www.nlm.no/nlm/norge/region-midt-norge/nyheter/vi-trur-dette-er-noko-gud-har-tenkt-oss-til